Vi søkjer rådgjevande overlege

Ansettelsesform: Fast, deltid

Publisert Sist oppdatert

INFORMASJON

Tjeneste

Rådgjevande overlege

­

Arbeidsgiver

NAV Sunnfjord (regionkontor Sunnfjord)

­

Sted

Førde

­

Søknadsfrist

25.08.24

Ønsker du som lege å medverke til at menneske med helseplager klarar å fortsette i arbeid og utdanning? Ønsker du å arbeide med betre samhandling mellom helsetenesta, arbeidsgjevarar og NAV? Vil du vere med og utvikle legetenesta i NAV Vestland saman med kjekke kollegaer? Då er det deg vi ser etter! 

Legetenesta i NAV Vestland har ledig stilling som rådgjevande overlege i 50% stilling med kontorplass i Førde.

Yrkesdeltaking er eit undervurdert helsegode, og den rådgjevande legetenesta har ei viktig rolle i å fremje dette perspektivet. Dette gir spennande utfordringar innafor NAV sine visjonar og mål. Vi vil bidra til inkludering i arbeidslivet og ønsker derfor å kome tidleg inn i saker for å finne moglegheiter trass i sjukdom. Andre viktige oppgåver er intern kompetanseoverføring til rettleiarar og samarbeid med helsetenesta, med vekt på informasjon og opplæring. I arbeidet med kompetanseoverføring internt og eksternt samarbeider vi med andre faggrupper som psykologar og pedagogar om å gje fagstøtte til NAV-kontora. Vi legg spesiell vekt på god samhandling med fastlegane. Målet er å fremje forståing for trygdemedisin og vårt felles samfunnsansvar.

NAV Vestland er organisert i ni regionar. Legetenesta består av 10 faste stillingar, inkludert koordinerande rådgjevande overlege. Tenesta er integrert i regionane, og i dag er det legar tilsett med arbeidsstad i Førde, på Voss og på Stord i tillegg til i Bergen. Det er utarbeidd rolledokument og retningslinjer for den rådgivande legetenesta, og du vil få oppfølging av fagleg leiar av legetenesta (koordinerande rådgjevande overlege) og delta i faglege møter med dei andre rådgjevande legane i Vestland fylke. Kontorstad blir Førde, og saman med rådgjevande overlege vil du få ansvar for å levere tenester til regionane Nordfjord, Sogn og Sunnfjord. Ein del av arbeidstida vil gå føre seg ute i NAV-kontor så du må rekne med noko reising. Deler av møteverksemda vil gå føre seg på digitale plattformar (Teams), og det er mogleg med heimekontor einskilde dagar.Den rådgjevande legetenesta skal stø under verksemda si strategi: NAV bidreg til sosial og økonomisk tryggleik, og fremjar overgang til arbeid og aktivitet. Saman finn vi løysingar med dem som treng det mest. Du bør identifisere deg med desse måla og visjonen, samt med verdiane våre om å være tydeleg, til stede og løysingsorientert. 

Arbeidsoppgåver

  • Rettleiing og rådgjeving til rettleiarar og andre medarbeidarar i NAV
  • Kompetanseoverføring og opplæring for kollegaer i NAV
  • Samarbeid med lokalt og regionalt helsevesen (fastlegane og spesialisthelsetenesta) 
  • Opplæring innafor trygdemedisin og fagfeltet arbeid og helse i ulike fagmiljø
  • Kvalitetsforbetring og utviklingsarbeid

Kvalifikasjonar

Du må ha: 

  • norsk autorisasjon som lege (Cand.med.) utan avgrensing
  • relevant klinisk erfaring, gjerne frå allmennmedisin
  • spesialistgodkjenning innan relevant spesialitet (t.d allmennmedisin, arbeidsmedisin, samfunnsmedisin, fysikalsk medisin, psykiatri). Lege i spesialisering vil også bli vurdert.
  • god digital kompetanse og fortruleg i bruken av ulike elektroniske samhandlings- og saksbehandlingsløysingar
  • gode munnlege og skriftlege kommunikasjonsferdigheiter på norsk

Vi ønsker at du har:

  • erfaring med rettleiing og opplæring
  • førarkort klasse B

Vi ser etter deg som

  • har gode evner til kommunikasjon og samarbeid
  • arbeider målretta, nøyaktig og effektivt
  • har gode evner til å arbeide sjølvstendig men òg i tverrfaglege team
  • er god på formidling og har gode pedagogiske evner
  • har evne og vilje til å tileigne deg nye ferdigheiter og kunnskap
  • er engasjert i NAV sitt samfunnsoppdrag

Vi tilbyr

  • Vilkår etter særavtale for leger i Arbeids- og velferdsetaten, inkludert arbeidstid på 36 timer pr. veke i full stilling
  • Spennande faglege utfordringar og meiningsfylte arbeidsoppgåver på eit viktig samfunnsområde
  • Mogelegheit for spesialisering i samfunnsmedisin
  • Engasjerte kollegaer i et trygdemedisinsk miljø lokalt og nasjonalt
  • God fagleg opplæring og rettleiing i rolla som rådgjevande overlege
  • Fleksibel arbeidstid og gode velferdsordningar
  • Tilrettelegging for klinisk arbeid i kombinasjon med stillinga i NAV
  • Tilsetting i stillingskode 0207 overlege (kode 0771 lege hvis ikkje ferdig spesialist)
  • Løn frå kr. 900 000 - 1 100 000 pr. år (i 100% stilling). For særskilt kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast.
  • God pensjonsordning gjennom Statens Pensjonskasse (frå løna vert det trekt 2 %)

Referansenr.: 4827409336

Powered by Labrador CMS