Spørsmål om stillingen?
Kontaktperson:
Siri Mørch
Leiar klinikk
474 63 408
siri.morch@air.no
Ønsker ikke henvendelser fra rekrutterings-/bemanningsbyråer
Rehabiliteringssenteret AiR er leiande innan arbeidsretta rehabilitering (ARR). Sidan 1986 har senteret, ein landsdekkande, ideell institusjon i spesialisthelsetenesta, hjelpt personar med samansette helseutfordringar attende til arbeid/utdanning.
Unge vaksne utanfor arbeid eller skule er ei aukande samfunnsutfordring. Sidan 2021 har AiR eige tilbod til denne gruppa, AiR UNG (18-30 år).
AiR tilbyr og utviklar kunnskapsbaserte rehabiliteringsprogram. Digitale verktøy nyttast. Dette styrkjer prosessen og gjev ei meir samanhengande oppfølging gjennom heile rehabiliteringsforløpet.
AiR har klinikk for døgnrehabilitering i Rauland og poliklinisk tilbod i Oslo. Tilboda er gruppebaserte og tverrfaglege. I fagteama inngår lege, fysioterapeut, arbeidskonsulent, idrettspedagog og samtaleterapeut/psykolog.STHF har fysikalsk poliklinikk ved AiR nokre dagar i månaden.
Hovudsenteret er omgjeve av flotte fjell, fine vatn og venleg skogsterreng, som også nyttast aktivt i rehabiliteringsarbeidet.
Ved senteret i Rauland har me ledig 100% fast stilling som overlege i fysikalsk medisin og rehabilitering.
Er du interessert i natur og friluftsliv, vil omgjevnadane i Vinje kommune og Vest-Telemark gje deg rike opplevingar gjennom alle årstider.
Me ser fram til å høyre frå deg.
Søknadsfrist: Søknadane behandlast fortløpande, siste frist 1. mai.