2 ledige stillingar som rådgjevande overlege
Ansettelsesform: Fast
Denne artikkelen er mer enn tre år gammel.
NAV Årstad, region Bergen
Møllendalsveien 6, 5009 Bergen
Legetenesta i NAV Vestland har ledige stillingar.
Ønsker du som lege å medverke til at menneske med helseplager klarer å fortsette i arbeid og utdanning? Ønsker du å arbeide med betre samhandling mellom helsetenesta, arbeidsgjevarar og NAV? Vil du vere med å utvikle legetenesta i NAV Vestland saman med kjekke kollegaer? Då er det deg vi ser etter!
Vi søker etter to legar for tilsetting som rådgjevande overlege i NAV. Dette er heile stillingar med arbeidstid 36 timar per veke. Ein del av arbeidstida vil gå føre seg ute i NAV-kontor i Bergen eller omegnskommuner, så du må rekne med noko reising. Delar av møteverksemda vil og gå føre seg på digitale plattformar (Teams). Det er mogleg med heimekontor enkelte dagar.
Yrkesdeltaking er eit undervurdert helsegode, og den rådgjevande legetenesta har ei viktig rolle i å fremme dette perspektivet. Dette gjer spanande utfordringar innan NAV sine visjonar og mål. Vi ønsker å bidra til inkludering i arbeidslivet og ønsker derfor å komme tidleg inn i saker for å finne moglegheiter til tross for sjukdom. Andre viktige oppgåver er intern kompetanseoverføring til rettleiarar, og samarbeid med helsetenesta med vekt på informasjon og opplæring. I arbeidet med kompetanseoverføring internt og eksternt samarbeidar vi med andre faggrupper (psykologar, pedagogar) om å gje fagstøtte til NAV-kontora. Vi legg vekt på god samhandling med fastlegane. Målet er å fremme forståing for trygdemedisin og vårt felles samfunnsansvar.
NAV Vestland er organisert i ni regionar. Legetenesta er integrert i regionane, og i dag er det legar tilsett med arbeidsstad i Førde, på Voss og på Stord i tillegg til i Bergen. Du vil få kontorplass ved NAV Årstad, sentralt ved Store Lungegårdsvann. Du har eigen fagleg leiar i fylket (koordinerande rådgivande overlege) og deltek i faste faglege møte med dei andre rådgjevande legane i Bergen og Vestland.
Den rådgjevande legetenesta skal stø under NAV sin strategi: NAV bidreg til sosial og økonomisk tryggleik, og fremmar overgang til arbeid og aktivitet. Saman finn vi løysingar med dei som treng det mest. Du bør identifisere deg med våre mål og visjon, samt med verdiane våre om å være tydeleg, til stades og løysingsdyktig.
Arbeidsoppgåver
- Rettleiing og rådgjeving i enkeltsaker for rettleiarar og andre medarbeidarar i NAV
- Halde kurs og utvikle kompetansen til kollegaer i NAV
- Forbetringsarbeid og tenesteutvikling
- Samarbeid med lokalt og regionalt helsevesen (fastlegane og spesialisthelsetenesta)
- Samfunnsopplysing om tema trygdemedisin
- Arbeidsoppgåvene kan endre seg i takt med endringar i organisasjonen
Kvalifikasjonar
Du må ha:
- norsk autorisasjon som lege (Cand.med.) utan avgrensing
- brei klinisk erfaring, gjerne som fastlege eller frå anna relevant klinisk arbeid
- god digital kompetanse, og vere fortruleg i bruk av ulike elektroniske samhandlings- og saksbehandlingsløysingar
- god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk
Vi ønsker at du har:
- relevant spesialitet (allmennmedisin, arbeidsmedisin, samfunnsmedisin, fysikalsk medisin, psykiatri), ev. påbegynt løp for spesialisering
- førarkort klasse B
Personlege eigenskapar
Vi ser etter deg som:
- har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- arbeider målretta, nøyaktig og effektivt
- har gode evne til å arbeide sjølvstendig og samarbeide tverrfagleg med andre legar og tilsette utan medisinsk utdanning
- er god på formidling og har gode pedagogiske evner
- har evne og vilje til å tileigne deg nye ferdigheitar og kunnskap
- har engasjement for det samfunnsmedisinske fagfeltet
Personlege eigenskapar vert vektlagd.
Vi tilbyr
- Eit godt tverrfagleg miljø
- Spanande faglege utfordringar og meiningsfylte arbeidsoppgåver på eit viktig samfunnsområde
- God fagleg opplæring og rettleiing
- God pensjonsordning gjennom Statens Pensjonskasse (frå løna vert det trekt 2 %)
- Vilkår etter særavtale for leger i Arbeids- og velferdsetaten, m.a. studiepermisjon
- Tilsetting i stillingskode 0207 Overlege (kode 0771 lege om ein ikkje er ferdig spesialist)
- Løn frå kr. 870 000 til kr. 960 000 per år (i 100 % stilling). For særskilt kvalifiserte søkarar kan høgare løn vurderast.
Kontaktinformasjon
Kristin Buhaug, Koordinerande rådgivande overlege, 909 50 359
Arbeidssted
Møllendalsveien 6 5009 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: NAV
Referansenr.: 4637197451
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 23.04.2023
Om arbeidsgiveren
Arbeidsgiver
NAV Årstad, region Bergen
Adresse
Solheimsgaten 13, 5058 Bergen
NAV søker ansatte med hjerte for mennesker og våre fagområder. Vår visjon er å gi mennesker muligheter, og dette gjør vi ved å utvikle Norges beste arbeids- og velferdstjenester.
NAV består av 22 000 kompetente og engasjerte medarbeidere. Vi jobber tverrfaglig i sterke fagmiljøer. Hos oss skal arbeidsmiljøet preges av involvering, åpenhet og tillit.
Mangfold er viktig i NAV. Mangfold bidrar til bedre problemløsing, økt kreativitet, større fleksibilitet og styrker kulturen og arbeidsmiljøet på arbeidsplassen. Vi oppfordrer derfor kandidater med ulik bakgrunn til å søke på stillinger hos oss, spesielt om du har hull i CV-en, innvandrerbakgrunn eller nedsatt funksjonsevne.
Ønsker du å bli unntatt fra offentlig søkerliste må du begrunne dette. Del gjerne ditt vitnemål eller karakterutskrifter via vitnemålsportalen.no.
NAVstilling
Om stillingen
Stillingstittel: Rådgjevande overlege
Antall stillinger: 2
Ansettelsesform: Fast
Prosent: 100 %
Heltid/deltid: Heltid
Sektor: Offentlig
Arbeidstid: Dagtid
Referanse: 88234e0c58224353abe029a4fc285e42
Stillingsnummer: 2293044