Spørsmål om stillingen?
Kontaktperson:
Andres Neset
fylkeslege
414 46 943
andres.neset@statsforvalteren.no
Kontaktperson:
Marit Bergeland
assisterende direktør
954 67 965
marit.bergeland@statsforvalteren.no
Statsforvaltaren si helse-, sosial- og barnevernsavdeling har til oppgåve å sakshandsame enkeltsaker og utføre tilsyn med kommunar, føretak og institusjonar. Avdelinga skal gi råd og rettleiing, drive utviklingsarbeid og opplæring samt gjennomføre nasjonale mål.Vi jobbar på oppdrag frå mellom anna Helsedirektoratet og Statens Helsetilsyn.
Helse-, sosial- og barnevernsavdelinga har ledig eit 1 års vikariat som assisterande fylkeslege.
Aktuelle arbeidsoppgåver er å
Vi ønskjer oss ein dyktig lege som
Personlege eigenskapar:
Personlege eigenskapar blir vektlagt.
Det er 6 månaders prøvetid i stillinga.
Statsforvaltaren jobbar med mange sider av livet og samfunnet. Derfor meiner vi at inkludering og mangfald er ein styrke. Vi ønskjer medarbeidarar med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å sikre ei endå betre oppgåveløysing. Så langt som mogleg legg vi til rette for medarbeidarar som har behov for det. Dersom det er kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, blir minst éin søkjar innkalla til intervju. For å bli vurdert som søkjar i desse gruppene, må søkjarane oppfylle visse krav og det må kryssast av i søknaden.
Alle som søkjer stillinga, må søke digitalt gjennom rekrutteringsportalen Jobbnorge. Du må laste opp relevante vitnemål og attester. Vitnemål og/eller karakterutskrifter hentar du frå vitnemålsportalen i Jobbnorge. Har du utdanning frå utlandet legg du ved godkjenning frå NOKUT. Vi gjer merksam på at søknaden kun blir vurdert ut frå informasjonen som føreligger ved søknadsfristens utløp. Det er viktig at du viser korleis din kompetanse fyller kriteriene som er beskrivne i annonsen. Offentleg søkjerliste utarbeidast etter søknadsfristens utløp. Dersom du ønskjer å reservere deg frå oppføring på offentleg søkjerliste må dette grunngjevast. Du vil få varsel om reservasjon ikkje tas til følgje.
Statsforvaltaren har eit særleg ansvar for å følgje opp berekraftmåla på fagområda våre, og skal som ein del av arbeidet vårt formidle relevant kunnskap til andre aktørar i regionen.
Statsforvaltaren er Kongen og regjeringa sin representant i fylket og skal arbeide for at Stortinget og regjeringa sine vedtak, mål og retningslinjer blir følgde opp i Rogaland. Oppgåvene er i hovudsak rettleiing, tilsyn og klagebehandling, som er retta mot enkeltpersonar, kommunar og bedrifter. Statsforvaltaren skal medverke til å samordne, forenkle og effektivisere statlege verksemder i fylket. Statsforvaltaren har oppgåver innan fagområda miljøvern, landbruk, utdanning, helse, beredskap, sosial- og familierett, verjemål, kommuneøkonomi og planlegging. Embetet har ca. 200 tilsette.