Spørsmål om stillingen?
Kontaktperson:
Maria Sigurjonsdottir
Fungerande avdelingsoverlege
Kontaktperson:
Frøydis Haugan
Klinikkdirektør
Avdelingsoverlegen vår går over til pensjonistanes rekke frå sommaren 2026, og i den forbindelse søker vi ny avdelingsoverlege. Vi søker deg som ønsker å bidra til å utvikle eit godt og heilskapleg behandlingstilbod for ei krevande pasientgruppe. Tilbodet er retta mot pasientar som er underlagde dom til tvunget psykisk helsevern, samt andre som er underlagd tvunget psykisk helsevern og utgjer ein fare for omgjevnadane.
Gjennom Program psykisk helsevern for framtida, vil klinikk for sikkerheitspsykiatri bli ein del av Nye Sandviken. Dette markerer starten på eit nytt kapittel for området, der vi skal utvikle eit langsiktig tilbod til pasientar med samansette behov.
Avdelingsoverlegen vil ha ei sentral rolle i dette arbeidet, og det er ein unik moglegheit til å vere med å forme framtida innan sikkerheitspsykiatri i Helse Bergen. Vi har for tida 10 sengeplassar på Lokalt sikkerheitsnivå. Klinikken er i vekst og frå medio april 2026 reetablerer vi døgnkapasitet på sjukehusnivå, med opning av Lokal sikkerheit rehabilitering (LSR) med 8 sengeplassar. Målet vårt er å skape eit meir samanhengande pasientforløp, med vekt på rehabilitering og tett samarbeid med kommunane. Over dei neste åra vil klinikken arbeide med større differensiering av sengepostane og fokus på pasientforløp.
Arbeidet i klinikken er prega av tverrfagleg samarbeid, med tid til, faglege diskusjonar. Vi legg vekt på langsiktighet og stabilitet i pasientbehandlinga. Avdelingsoverlege vil vere med på å utvikle eit godt og heilskapleg behandlingstilbod for ei krevande pasientgruppe på vårt lokale sikkerheitsnivå.
Klinikk sikkerheitspsykiatri er organisert under Divisjon psykisk helsevern i Helse Bergen, og har i dag 5 seksjonar: Regional sikkerheitsavdeling (RSA), Lokal sikkerheitsavdeling (LS), Fengselshelseteneste, Kompetansesenter for sikkerheits-, fengsels- og rettspsykiatri og sikkerheitspoliklinikk. Frå april 2026; 6 seksjonar med Lokal sikkerheits rehabilitering ( LS-R).
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.