Spørsmål om stillingen?
Kontaktperson:
Hanne Klausen
Direktør
hanne.klausen@helse-bergen.no
Vi søkjer ein avdelingssjef som er opptatt av leiarskap, som vil fortsette arbeidet med å vidareutvikle våre prehospitale tenester og som bruker sitt leiarskap til å vere ei drivkraft for denne utviklinga.
Kirurgisk serviceklinikk (KSK) er ein av dei største klinikkane ved sjukehuset og Akuttmedisinsk avdeling (AMA) er ei av sju avdelingar i KSK. KSK har ansvar for å ta hand om store delar av tilbodet innan operasjon, anestesi, intensivbehandling og akuttmedisin på sjukehuset. Det er aktiv forsking og utvikling på mange fagområde i KSK og ved AMA. Vår avdelingssjef i AMA har gått over i anna leiarstilling i Helse Vest, og vi søkjer derfor etter ny avdelingssjef for AMA.
Om Akuttmedisinsk avdeling - AMA
AMA har ansvaret for ambulansedrifta og naudmeldetenesta i føretaket. Vi dekkjer områda frå Austevoll i sør, Gulen i nord, til Eidfjord i aust og Sotra i vest. Ambulansedrifta omfattar bil-, båt- og luftambulanseteneste. AMK-sentralen er den største i regionen, og har også oppgåver som regional AMK-sentral og lurftambulansesentral. Det er vel 400 tilsette i AMA med eit budsjett på om lag 380 millionar kroner. Les meir om AMA her.
Samhandling med kommunane i vårt opptaksområde blir stadig viktigare. Som leiar for AMA er du sentral i arbeidet med å oppretthalde og vidareutvikle dette samarbeidet.
Våren 2025 har vi ny Prehospital plan ute til høyring. Planen set viktige premiss for arbeidet framover og vi søkjer ein leiar som - saman med dei tilsette, kommunane og resten av føretaket - tek tak i moglegheitene som prehospital plan presenterer.
Vi søkjer ein erfaren leiar som med sin veremåte bidrar til eit positivt og godt miljø for utvikling og teamarbeid. Du er ein engasjert og ansvarleg leiar som ønskjer å bidra til at AMA sine ressursar blir forvalta til det beste for pasientane våre, AMA og føretaket.
Avdelingssjef rapporterer til klinikkdirektør og er med i leiargruppa i Kirurgisk serviceklinikk. Du vil og ha ei viktig rolle i sjukehuset sin beredskap.
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.Vi ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.