Spørsmål om stillingen?
Kontaktperson:
Arve Varden
Administrerande Direktør
Kontaktperson:
Arne Skjelten
HR Direktør
Kirurgisk klinikk har ansvar for eit brutto budsjett på 950 millionar kroner, og om lag 1000 tilsette. Klinikken er sentral for at vi skal kunne yte god pasientbehandling innanfor eit stort spekter av fagområde ved sjukehusa våre.
Klinikken femner mellom anna om: Avdeling for AIO, prehospital avdeling, avdeling øyre, nase, hals, kirurgisk avdeling, augeavdeling, ortopedisk avdeling og kvinneklinikken. Klinikken har verksemd på alle dei tre sjukehusa i fylket.
Kvinner vert oppmoda om å søkje.
Tiltreding snarast.
Arbeidsoppgåver
Vi søkjer ein handlingsorientert direktør som kan leie arbeidet med å utvikle klinikken vidare gjennom å skape entusiasme for utviklingsarbeid og endring. Innflytting i nytt sjukehusbygg i haust vil stille store krav til den som vert tilsett i forhold til leiing og omstillingsevner. I tillegg til å drive ein stor klinikk med mange og komplekse oppgåver, er vi ute etter ein person som kan tenkje heilskapleg og utføre jobben med Helse Førde sitt beste som mål.
Direktøren rapporterer til adm. direktør og deltar i hans leiargruppe.
Kvalifikasjonar/personlege eigenskapar
Utdanningsnivå
Vi tilbyr
MangfaldserklæringFøretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på over 3,6 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset.
Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønskjer å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
Webcruiter-ID: 4833528389