Direktør til Kvinneklinikken ved Haukeland universitetssjukehus HF

Ansettelsesform: Fast

Publisert

INFORMASJON

Tjeneste

Direktør ved Kvinneklinikken

­

Arbeidsgivar

Helse Bergen

­

Stad

Bergen

­

Søknadsfrist

15.08.24

Arbeidsoppgåver:

  • Sikre rett utvikling av behandling gjennom medisinsk prioritering
  • Vere ein aktiv bidragsytar for å legge til rette for vår felles helseteneste
  • Leie strategi-, verdi- og haldningsarbeid
  • Skape effektive pasientløp gjennom god planlegging og samhandling internt og eksternt
  • Totalansvar for økonomi, personale, drift, fag og kvalitet
  • Bidra til at medarbeidarar er engasjerte med ønske om kontinuerleg å forbetre tenestene og eigen arbeidskvardag
  • Legge til rette for opplæring, utdanning og forsking
  • Medansvar for å bidra til at føretaket når sine mål

Kvalifikasjonar:

  • Helsefagleg, medisinsk eller anna relevant høgare utdanning på masternivå
  • God og relevant leiarerfaring med leiing av mål- og strategiarbeid
  • Leiarutdanning/-kurs
  • God kunnskap om spesialisthelsetenesta, våre oppdragsgivarar og samarbeidspartnarar
  • God kunnskap og erfaring innan forbetringsarbeid og -prosessar
  • Erfaring frå leiing av forskingsdriven utvikling og innovasjon
  • Erfaring frå tverrfagleg samarbeid og samarbeid med universitet og høgskular

Personlege eigenskapar:

  • Inspirerande, involverande og handlekraftig
  • Overordna styrings- og gjennomføringsevne
  • Resultat-, økonomi- og organisasjonsforståing
  • Strukturert og planmessig i arbeidet
  • Robust med evne til å være tydeleg og synleg
  • Viser sjølvinnsikt og klokskap i leiarrolla
  • Balanserer refleksjon og analyse med handlekraft

Vi tilbyr:

  • Ei spennande og utfordrande leiarstilling i eit sjukehus med stort fokus på kvalitetsforbetring og pasienttryggleik
  • Gode forsikringsordningar og ei av landets beste pensjonsordningar
  • Lønn etter avtale

Mangfaldserklæring:

Vi ønsker å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søke ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønsker å legge til rette for inkluderande rekruttering.

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller følg oss på Facebook.

Helse Vest skal så langt som mogleg spegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.

Webcruiter-ID: 4831826555

Powered by Labrador CMS