Spørsmål om stillingen?
Kontaktperson:
Anders Bauge
Rådgiver
Kontaktperson:
Lars Jakob Arnøy
Rådgiver
Fagdirektør sitt ansvarsområde er innafor forsking, innovasjon, kvalitet og pasienttryggleik, samt ulike pasientretta utviklingsprosjekt. Vedkommande er adm. direktør sin rådgivar og næraste samtalepartnar på desse områda og leier sin eigen stab. Som fagdirektør har du ein unik moglegheit til å vere med å påverke utviklinga innanfor våre helsetenester. Du er ein brubyggjar og er opptatt av god dialog med fagfolka i helseføretaket. Fagdirektør er ein del av i leiargruppa. Du vil også vere HMR sin representant opp mot det regionale helseføretak, HMN, innanfor faglege diskusjonar og beslutningar.
Arbeidsstad vil vere hovudsakleg i Ålesund, og startdato kan vere etter avtale.
Om du vil lese meir om regionen, sjå Destinasjon Ålesund og Sunnmøre.
Kvalifikasjonar
Personlege eigenskapar
At du er personleg eigna til stillinga, vil bli vektlagd
Vi tilbyr
Andre opplysningar:
Det må påreknast noko reiseaktivitet mellom sjukehusa og institusjonane i føretaket.Helse Møre og Romsdal arbeidar for meir offentlegheit og søkjarliste til stillinga blir offentleggjort. Ein kan be om unntak i ein periode i søknadsprosessen. Unntak skal grunngjevast frå søkjar si side.
For ytterligare informasjon; kontakt gjerne våre rådgivarar i Headvisor AS ved Lars Jakob Arnøy, tlf. 907 69 045 eller Anders Bauge, tlf. 901 56 249 for ein uforpliktande samtale . Du kan også kontakte adm. direktør Olav Lødemel tlf. 920 90 310. Alle førespurnadar før søknadsfristen blir behandla konfidensielt inntil anna er avtalt. Søknadsfrist er 30.09.2024
Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, men har også sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Våre sjukehus finn du i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund. Dei to sistnemnte vil nå erstattast av et nytt og moderne sjukehus på Hjelset, Sjukehuset Nordmøre og Romsdal. Vi har også behandlingsinstitusjonar innan rehabilitering, psykisk helsevern og rusbehandling. I april i år tok vi i bruk Helseplattformen, et nytt moderne IT system som er felles for alle helseføretaka i Helse Midt Norge. Vi legg til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Uansett kva stilling du søkjer, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og di kompetanse på ein stad kor det verkeleg tel. Bli med på laget!
Vi ønsker leiarar som er synlege, ansvarlege og som forstår at teamarbeid er avgjerande for å lykkast med samfunnsoppdraget. Som leiar må du engasjere og lede ann i utviklinga av kultur og identitet i helseføretaket. Vi treng deg som kommuniserer godt, tar ansvar og beslutningar, og som har handlekraft til å drive fram konkrete forbetringar saman med teamet ditt. Vi gir deg opplæring på vegen, tilgang på styringsinformasjon og tilbod om utvikling gjennom leiargruppa di - slik at du får utvikle deg som leiar i samsvar med dine eigne og helseføretaket sine forventingar. Tek du utfordringa?
Vi minner om at du kan få namnet ditt unntatt frå offentleg søkjarliste. Vi vurderer ei slik oppmoding og tar kontakt med deg dersom oppmodinga ikkje vert tatt til følgje. For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal
Helse Møre og Romsdal har om lag 6 500 tilsette og leverer tenester til om lag 265 000 innbyggjarar i Møre og Romsdal. Verksemda er fordelt mellom Ålesund sjukehus, Volda sjukehus, Molde sjukehus, Kristiansund sjukehus og fleire mindre institusjonar. Frå 2025 vil Molde og Kristiansund Sjukehus bli slått saman i det nye sjukehuset på Hjelset. Med dagkirurgi og poliklinikk i Kristiansund.
Helse Møre og Romsdal HF har ansvaret for den offentlege spesialisthelsetenesta i Møre og Romsdal. Våre hovudoppgåver er pasientbehandling, utdanning av helsepersonell, forsking og opplæring av pasientar og pårørande.