Fastlege næringsdrivande i nyoppretta solopraksis                                                                   Ledig fastlegeheimel på nyoppretta fastlegekontor

Ansettelsesform: Fast

Publisert

INFORMASJON

Tjeneste

Fastlegeheimel­

Arbeidsgiver

Austevoll Kommune­

Sted

Storebø, Austevoll­

Søknadsfrist

25.05.26

Om arbeidsstaden

Kommunestyret har vedteke å opprette eit nytt legekontor for næringsdrivande i solopraksis i Bekkjarvik sør i kommunen. Det var tidlegare eit kommunalt legekontor på staden fram til 2017.

Kommunestyret har vedteke at det skal opprettast som ein 0-heimel. 

Legekontoret skal opprettast i eit lokale ved kjøpesenteret Bekkjarvik Torg. Utleigar har lokale og utstyr som skal nyttast. Leigeavtale, bustad og utstyr er ikkje kommunen vedkomande, og er ein avtale mellom næringsdrivande lege og utleigar. Kommunen har ikkje ansvar for eventuelle tilsette på legekontoret. 

Om stillinga

Fastlegen må ha norsk autorisasjon som lege og ha gyldig spesialitet i allmennmedisin. Fastlegen vil ha pliktig deltaking i daglegevakt, og i kommunal legevakt utanom arbeidstid p.t. 7-delt legevakt som næringsdrivande etter vaktklasse 1.

Det må påreknast inntil 20% andre offentlege oppgåver, jamfør fastlegeforskrifta. Fastlegen må oppgi styrings- og kvalitetsdata til kommunen, jamfør fastlegeforskrifta §19.

Personlege eigenskap blir vektlagt. Vi søker person som har langsiktig motivasjon for å bygge opp eit godt fungerande fastlegetilbod i Bekkjarvik. Du har eit heilskapleg syn på fastlegetenesta si rolle i primærhelsetenesta, og vektlegg tverrfagleg samarbeid med kommunale helse- og omsorgstenester. 

Kvalifikasjonskrav

Formelle kvalifikasjonskrav

  • Norsk autorisasjon som lege 
  • Gyldig norsk spesialitet i allmennmedisin
  • Har gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg 
  • Førarkort klasse B 
  • Plettfri vandel, framvising av politiattest ved tilsetting og det blir undersøkt om autorisasjonsstatus og tilsynssaker
  • Oppgi referansar i søknaden

Personlege eigenskapar

  • Du er triveleg og engasjert
  • Har gode kommunikasjons- og samarbeidsevne 
  • Brenn for allmennmedisinfaget og pasientane 
  • Du er løysingsorientert og pliktoppfyllande 
  • Gode fagkunnskapar og ferdigheiter 
  • Interesse for legevakt og akuttmedisin 

Vi tilbyr

Avtale som næringsdrivande lege som følger vilkåra i ASA 4310. Heimelshavar har sjølv ansvar for å sørge for kollegial fråværsdekning. Listestorleik inntil 1000 pasientar, lågare listetak kan avtalast. Sidan heimelen er ei 0-liste er den kostnadsfri å erverve. 

Slik søker du

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka "Søk stilling" på denne sida.

Det er søkar sitt ansvar å sørge for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som for eksempel attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller annan dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkar sjølv laste opp attesterte omsettingar.

Ikkje send søknad på e-post til enkeltpersonar i kommunen.

Vi gjer merksam på at i følge offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkaren bli offentleggjort sjølv om søkaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkarliste. Søkaren vil alltid bli varsla på førehand dersom søkarlista blir offentleggjort.

Om Austevoll

Austevoll er ein øykommune sør-vest i Vestland fylke. Kommunen har eit folketal på om lag 5500. Austevoll er den største fiskerikommunen i landet med svært høg næringsaktivitet og byr på eit mangfald av spanande jobbar. 

Kommunen sitt administrasjonskontor held til på kommunehuset på Storebø, cirka 5 minuttar med bil frå ferje- og snøggbåtkai. Bekkjarvik er eit senter for handel og reiseliv, og ligg 25 minutt med bil frå Hufthamar ferjekai. Det er anløp av snøggbåt. Dersom du bur i Austevoll kan du kvart år få sletta kr 25.000,- av studielånet ditt. Dette er nytt frå januar 2026, sjå meir informasjon om ordninga på Lånekassen si heimeside: Sletting av gjeld i utvalgte kommuner

VI ønsker ikkje førespurnader frå vikarbyrå, ver vennleg og respekter dette. 

Powered by Labrador CMS