Forskar med helsekompetanse

Ansettelsesform: Engasjement

Denne artikkelen er mer enn tre år gammel.

INFORMASJON

Tjeneste

Forskar

Arbeidsgiver

Helse Bergen HF

Sted

Bergen

Søknadsfrist

12.05.23

Avdeling for rusmedisin/ AFR Forsking, Helse Bergen

Avdeling for rusmedisin, Haukeland universitetssjukehus utlyser ein 100% forskarstilling over en åremålsperiode på 3 år. Halvparten av stillinga er knytta opp mot eit forskingsprosjekt for heroin-assistert behandling (HAB-prosjektet), medan den andre halvparten er knytta opp mot ATLAS4LAR og ATLAS4Dependence. Studiane er intervensjonsstudiar med mål om å betre helsa hos personar med rusavhengigheit. Forskinga er integrert tett opp til klinisk behandling ved LAR-poliklinikkar.

Les meir om prosjektene via våre nettsider www.helse-bergen.no/bar

Arbeidsoppgåver

  • Arbeidet vil innebere både analysar, artikkelskriving og prosjektoppfølging i samarbeid med forskingsgruppa. Du kan forvente å leie an på fleire vitskaplege artiklar

Kvalifikasjonar

  • Ha doktorgrad eller tilsvarande kompetanse og relevant utdanning knytta mot helse
  • Erfaring frå relevante forskingsprosjekt eller tematikk, samt fortrinnsvis kvantitativ forskingsmetodikk/kliniske studiar
  • Erfaring med brukargruppa med rusmiddelavhengigheit eller LAR-behandling vil vurderast positivt
  • Beherske godt norsk og engelsk, skriftleg og munnleg

Personlege eigenskapar

  • Ansvarsbevisst
  • Strukturert
  • Sjølvstendig
  • Nøyaktig
  • Gode kommunikasjonsevner

Vi tilbyr

  • Ein spennande og utfordrande jobb
  • Lønn i prosjektfinansiering og helseføretakets satsar
  • Høgt fagleg nivå
  • Ein arbeidsplass som støtter og oppmuntrar kvarandre
  • Stillingar: 1
  • Heiltid / Deltid: Heiltid
  • Tilsetjingsform: Engasjement
  • Stillingsprosent: 100

Webcruiter-ID: 4642892888

Søknaden skal innehalde

  • Ein kort oppsummering av relevant kompetanse, erfaring og motivasjon for å søke stillinga
  • CV
  • Kontaktopplysningar til to personar som kan vere referanse
  • Liste over relevante vitskapleg arbeid (publikasjonsliste)

Vi gjer merksam på at søknadar blir vurdert med den informasjonen og dei vedlegga som er knytta til søknaden i Webcruiter når søknadsfristen går ut. Vedlegga må vere på engelsk eller norsk, og eventuelle omsettingar må vere attesterte. Det er søkar sitt ansvar å sørge for at all informasjon er lagt inn innan fristen.

Mangfaldserklæring Føretaksgruppa i Helse Vest ønsker å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søke ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønsker å legge til rette for inkluderande rekruttering.

Om arbeidsgivaren

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nesten 14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller Facebook.

Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.

Spørsmål om stillingen?

Kontaktperson:

Lars Thore Fadnes

Stillingstittel:

Forskingsgruppeleiar

Telefon:

977 04 360

E-post:

lars.thore.fadnes@helse-bergen.no

-

Kontaktperson:

Arild Opheim

Stillingstittel:

Seksjonsleiar

Telefon:

913 14 247

E-post:

arild.opheim@helse-bergen.no

Powered by Labrador CMS