Klinikkoverlege i barne- og ungdomspsykiatri, Klinikk psykisk helsevern for barn og unge
Ansettelsesform: Fast
Denne artikkelen er mer enn tre år gammel.
Klinikk psykisk helsevern for barn og unge søker ein klinikkoverlege som er engasjert, ansvarleg, løysingsorientert og bidrar til eit fagleg spennande og inkluderande arbeidsmiljø. Som klinikkoverlege vil du vere ein del av klinikkens leiargruppe og delta i utvikling av framtidas psykiske helsevern for barn og unge, inkludert etablering av tenester, nye måtar å jobbe på og samarbeid med andre klinikkar og etatar.
Klinikk psykisk helsevern for barn og unge si hovudoppgåve er å tilby barn og unge og familiane deira den beste behandlinga og oppfølginga. I tillegg legg vi vekt på samarbeid med aktørar internt i Helse Bergen, med våre kommunar og Bufetat, for å tilby gode, koordinerte tenester. Klinikken har utvikla gode rutinar for kunnskapsbasert praksis, fleire spesialiserte fagmiljø og innovative tilbod. Vi legg til rette for klinikknær forsking og innovasjon. Det er stor vitskapleg aktivitet i klinikken.
Klinikken har ca. 400 tilsette fordelt på dei sju poliklinikkane våre, tre sengepostar, ambulante tenester og spesialpoliklinikk. Av desse er ca. 50 legar. Som klinikkoverlege vil du ha ei sentral rolle i samarbeid med legegruppa og med utdanningsansvarleg overlege og forskingsleiar.
Vedkommande som får tilbod om tilsetting må legge fram merknadsfri politiattest (vandel) jfr Lov om helsepersonell § 20a.
Arbeidsoppgåver
- Medansvar for klinikken sine overordna mål og resultat
- Sikre god drift gjenom utvikling av rutinar og prosessar i samarbeid med leiargruppa
- Rådgjevar til seksjonsoverlegar i klinikken
- Klinisk arbeid
- Medisinskfagleg rådgjevar for klinikkdirektør
- Representasjon for klinikken i ulike fora
- Ansvar for utdanningsinstitusjonen for legar i spesialisering (på sikt)
Kvalifikasjonar
- Spesialist i barne- og ungdomspsykiatri
- Kunnskap om spesialisthelsetenesta
- God i norsk skriftleg og munnleg
- Norsk autorisasjon
- Erfaring og interesse innan undervisning/opplæring og eller forkningskompetanse er ønskeleg
- Erfaring i kvalitets- og forbetringsarbeid
Personlege eigenskapar
- Du må ha gode kommunikasjonsevner og trivast i eit aktivt og tverrfagleg miljø
- Du må vere ein god teamarbeidar og vere samarbeidsvillig
- Du må bidra til eit godt arbeidsmiljø
Vi tilbyr
- Høgt fagleg nivå
- Triveleg arbeidsmiljø
- Fagleg og personleg utvikling
- Stillingar: 1
- Tilsetjingsform: Fast
- Stillingsprosent: 100
Webcruiter-ID: 4696751081
Mangfaldserklæring
Vi ønsker å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søke ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønsker å legge til rette for inkluderande rekruttering.
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 13.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset.
Les meir på www.helse-bergen.no eller Facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.