Ledig stilling for spesialist i fysikalsk medisin og rehabilitering, barnesykdommer, allmennmedisin, anna relevant spesialitet
Ansettelsesform: Fast
Denne artikkelen er mer enn tre år gammel.
Har du lyst til å bli vår nye kollega? Vi har ledig fast stilling for spesialist, oppstart etter avtale.
Dersom du er opptatt av aktivitet og deltaking, har eit ressursfokus i di tilnærming og ønsker å bidra med fagutvikling i eit stort tverrfagleg miljø, kan du vere rett person for oss.
Senteret er ein privat, ideell organisasjon som gjer tilbod om intensiv, tverrfagleg rehabilitering i spesialisthelsetenesta med tilbod både til barn og vaksne.
Vi arbeidar i team og faggruppene består av legespesialistar, lege, fysioterapeutar, ergoterapeutar, arbeidskonsulent, sosionom, idrettspedagogar, klinisk ernæringsfysiolog, logoped og miljøterapeutar. Som lege bidreg du med din spisskompetanse gjennom klinisk praksis og i tverrfaglege vurderingar saman med dei andre profesjonane. Du vil også delta i systematisk fagutvikling.
Det er gode moglegheiter for deltaking på kurs og vidareutdanningar i tillegg til strukturert opplegg med internundervisning og kvalitetsutvikling på senteret. Vi har eit fagleg samarbeid med fysikalsk medisinsk avdeling ved Nordås/i Helse Bergen og legane deltek fast i internundervisning saman med leger der. Det vert lagt til rette for at ein kan hospitere ved andre institusjonar.
Arbeidsoppgåver:
- Klinisk arbeid og samarbeid i våre tverrfaglege rehabiliteringsteam
- Bidra til å styrke ressursar og moglegheiter for pasientar med samansette helseutfordringar
- Medisinske vurderingar
- Journal- og epikrise arbeid
- Samarbeid med anna spesialisthelseteneste og det kommunale hjelpeapparatet
- Undervisning, opplæring og rettleiing
- Delta i systematisk fagutvikling generelt ved institusjonen
- Moglegheit til å observere pasientar i ulike aktivitetar både innandørs og utandørs.
Kvalifikasjonar:
- Norsk autorisasjon som lege. Spesialistkompetanse innan fysikalsk medisin og rehabilitering, allmennmedisin eller barnesjukdommar er særleg relevant, men spesialist innan andre relevante fagområde kan og vere av interesse.
- Relevant erfaring og interesse for rehabilitering
- Generell IKT-kompetanse
- Beherske norsk, muntleg og skriftleg (C1)
Personlege eigenskapar
- Like å arbeide i tverrfagleg miljø
- Interesse for forsking og fagutvikling
- God kommunikasjons- og samarbeidsevne
- Vere sjølvstendig og ha god vurderingsevne
- Interesse og engasjement for deling av kompetanse, samhandling og samarbeid
- Interesse for å halde deg oppdatert på medisinsk- og teknologisk utvikling
Personlege eigenskapar vil bli tillagt stor vekt. Politiattest må leverast ved tilsetting.
Vi tilbyr:
- Eit godt arbeidsmiljø med engasjerte og dyktige kollegar
- Familievennleg jobb utan vakter
- Fleksibel arbeidstid med kjernetid mellom 09.00 – 15.00. Senteret er julestengt
- Internundervisning for legar i samarbeid med Helse Bergen
- Gode moglegheiter for å delta på relevante kurs og utvikling av fagkompetanse.
- Moglegheit for å legge til rette for hospitering ved andre institusjonar
- Gode lønns- og arbeidsvilkår
- Gode pensjonsordningar
- Gode velferdstilbod
- Personalbustad / hjelp til å skaffe bustad
- Fantastisk beliggenheit og nærheit til sjø og fjell
Søknad med CV, attestar og vitnemål sendast til: ledigstilling@rkhr.no