Spørsmål om stillingen?
Kontaktperson:
Jon Magnus Haga
Seksjonsleiar lege
908 23 355
jon.magnus.haga@hesle-bergen.no
Yrkesmedisinsk avdeling/ Norsk senter for maritim medisin og dykkemedisin, Helse Bergen
Er du lege og har lyst til å lære meir om helse til sjøs? Har du erfaring frå redaksjonelt arbeid og vil vere med å vidareutvikle verdas viktigaste medisinske oppslagsverk for sjøfolk? Vi styrker laget og lyser ut 100% stilling som lege og medisinsk redaktør i «Mariners Medico Guide» (www.medicoguide.com) ved Norsk senter for maritim medisin og dykkemedisin.
Guiden er godkjend til bruk om bord av sjøfartsnasjonar over heile verda og er lasta ned av meir enn 15 000 sjøfolk. Målet er at guiden skal gjere tilpassa medisinsk kunnskap lettare tilgjengeleg for sjøfolk i akutte situasjonar slik at dei får best mogleg støtte i krevjande situasjonar.
Som medisinsk redaktør i «Mariners Medico Guide» kan du vere med på å styrke helsetilbodet til sjøfolk. Velkommen til ein spanande og annleis legekvardag hos oss!
Stillinga er tilknytta Norsk senter for maritim medisin og dykkemedisin, eit nasjonalt kompetansemiljø ved Yrkesmedisinsk avdeling, Haukeland universitetssjukehus. Våre aktivitetar inkluderer den telemedisinske legevakta for sjøfolk, Radio Medico, seleksjonsmedisinske utgreiingar, undervisning , rådgjeving, regelverksarbeid, forsking og fleire innovasjonsprosjekt. Vi jobbar tett med mellom anna Sjøfartsdirektoratet, Forsvaret, Redningstenesta, Kystverket og Universitetet i Bergen, og med fleire offentlege, ideelle og private aktørar innan den maritime næringa.
Senteret har eit sterkt fagmiljø innan seleksjonsmedisin, med fleire forskingsprosjekt og leier fagnemnda for helsesaker i Sjøfartsdirektoratet. Det er stort rom for personleg fagleg utvikling i stillinga samstundes som oppgåver vil kunne bli endra over tid, tilpassa utvikling og behov. Vi er opptatt av å kunne legge til rette for forsking.
Besøk gjerne nettsidene våre for meir informasjon (www.nsmdm.no).
Arbeidsoppgåver
Kvalifikasjonar
Personlege eigenskapar
Vi tilbyr
Webcruiter-ID: 4735163166
Mangfaldserklæring
Vi ønsker å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søke ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønsker å legge til rette for inkluderande rekruttering.
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nesten 14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset.
Les meir på www.helse-bergen.no eller Facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.