Lege i maritim medisin og medisinsk fagekspert

Ansettelsesform: Fast

Publisert

INFORMASJON

Tjeneste

Lege / medisinsk fagekspert

­

Arbeidsgiver

Helse Bergen HF

­

Sted

Bergen

­

Søknadsfrist

02.01.24

Yrkesmedisinsk avdeling/ Norsk senter for maritim medisin og dykkemedisin, Helse Bergen

Er du lege med interesse for helse til sjøs? Har du erfaring som sjømannslege og kan tenke deg å bli vår nye medisinske fagekspert i Fagnemnda for helsesaker? Vi styrker laget og lyser ut 100% stilling som lege i maritim medisin og medisinsk fagekspert i Fagnemnda for helsesaker.

Fagnemnda for helsesaker er Sjøfartsdirektoratets instans for dispensasjoner og klager på helseerklæringar skrevet ut av norske sjømannsleger. Nemnda er satt saman av representantar frå Sjøfartsdirektoratet, dei maritime arbeidstakarorganisasjonane og Norsk senter for maritim medisin og dykkemedisin. Nemnda behandlar mellom 70 og 100 saker i året. Som medisinsk fagekspert i Fagnemnda for helsesaker vil du bidra til å forebygge helserelaterte hendingar til sjøs gjennom kunnskapsbaserte seleksjonsmedisinske risikovurderingar.

Stillinga er tilknytta Norsk senter for maritim medisin og dykkemedisin som er eit nasjonalt kompetansemiljø ved Yrkesmedisinsk avdeling, Haukeland universitetssjukehus. Våre aktivitetar inkluderer den telemedisinske legevakta for sjøfolk, Radio Medico, seleksjonsmedisinske utgreiingar, undervisning , rådgjeving, regelverksarbeid, forsking og fleire innovasjonsprosjekt. Vi jobbar tett med mellom anna Sjøfartsdirektoratet, Forsvaret, Redningstenesta, Kystverket og Universitetet i Bergen, og med fleire offentlege, ideelle og private aktørar innan den maritime næringa. Senteret har eit sterkt fagmiljø innan seleksjonsmedisin, med fleire forskings- og fagutviklingsprosjekt.

Besøk gjerne nettsidene våre for meir informasjon (www.nsmdm.no).

Arbeidsoppgåver

  • Medisinsk fagekspert i Fagnemnda for helsesaker
  • Telemedisinsk vaktteneste – Radio Medico, telefonlegevakta for sjøfolk
  • Undervisning/formidling på kurs og konferansar
  • Deltaking i fagutviklingsprosjekt og forbetringsarbeid

Kvalifikasjonar

  • Lege med klinisk erfaring – gjerne erfaring får ulike deler av helsesektoren, privat eller offentleg
  • Erfaring frå arbeid som sjømannslege eller petroleumslege
  • Kandidat med spesialitet i allmennmedisin, samfunnsmedisin, arbeidsmedisin eller anna klinisk spesialitet vil bli tilsett i stilling som overlege. Kandidat utan spesialitet vil bli tilsett i stilling LiS i samfunnsmedisin og det vil bli lagt til rette for spesialistutdanning.
  • Gode kommunikasjonsevner, skriftleg og munnleg
  • Interesse for maritim sektor
  • Norsk autorisasjon

Personlege eigenskapar

  • Arbeider systematisk og resultatorientert
  • Er ansvarsbevisst og har evne til gjennomføring
  • Er fleksibel og har fokus på løysingar
  • Er inkluderande og samhandlande
  • Er stødig, empatisk og robust i møte med andre

Vi tilbyr

  • Eit sjeldant høve til nybrottsarbeid i eit spanande, aktivt og tverrfagleg arbeidsmiljø
  • Tilrettelegging for fagleg og personleg utvikling
  • Lønn etter gjeldande avtalar
  • Stillingar: 1
  • Heiltid / Deltid: Heiltid
  •  Tilsetjingsform: Fast
  • Stillingsprosent: 100

Webcruiter-ID: 4733320278

Mangfaldserklæring 

Vi ønsker å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søke ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønsker å legge til rette for inkluderande rekruttering.

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nesten 14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. 

Les meir på www.helse-bergen.no eller Facebook

Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.

Powered by Labrador CMS