Spørsmål om stillingen?
Kontaktperson:
Petter Schandl Sanaker
Avdelingssjef
petter.schandl.sanaker@helse-bergen.no
Kontaktperson:
Carolin Sparchholz
LIS-tillitsvalgt
carolin.sparchholz@helse-bergen.no
Vi utviklar Nevrologien på Haukeland – vil du vere med på laget?
Nevrologi er eit spanande, allsidig og travelt fag. Kunnskap om hjernehelse er aukande etterspurt i samfunnet. Vi løyser utfordringar saman på tvers av yrkesgrupper. Vi tek raske avgjersler der det trengs, og gjer djupdykk i pasienthistorier og litteratur for å avklare komplekse tilstander. Godt, tverrfagleg samarbeid er avgjerande for resultatet, og vi jobbar støtt med å finne betre måtar å løyse oppgåvene på. Som svar på aukande behov, satsar Helse Bergen no på forsterka nevrologiske tenester, spesielt med auka ressursar til nevrologisk forvakt frå våren 2025. Nevrologisk avdeling har difor glede av å lyse ledig 3 faste stillingar og 2 årsvikariat for lege i spesialisering (LIS 2/3) i Nevrologi. Ved intern tilsetting i fast stilling, kan fleire vikariat bli ledig. Vikariata har 12 mnd varigheit, med gode høve til forlenging av vikariat og vidare spesialisering i Nevrologi. Vikariat kan telje som del av spesialistutdanninga. Oppstart for stillingane er 01.04.2025 eller etter avtale.Cand.med. kan og søke vikariat og blir vurdert for tilsetting i påvente av LIS1-plass, dersom det ikkje er andre kvalifiserte søkarar. Som Cand.med. i LIS-vikariat får du gruppeveiledning på utfordringar i rolla som nyutdanna lege, og du får tilpassa oppgåver i høve til erfaring og kompetanse.
Nevrologisk avdeling er del av Nevroklinikken, som òg famnar om Nevrokirurgi og Klinisk nevrofysiologi, slik at heile spesialistutdanninga i Nevrologi kan gjerast her. Om du er interessert i forsking, er det gode høve for å kombinere klinisk spesialisering og forskerløp inkludert PhD. Vi har nasjonalt leiande forskingsmiljø innanfor fleire nevrologiske fagfelt knytt til avdelinga.
Vi legg vekt på at LIS skal få utvikle klinisk kunnskap og erfaring på ein trygg måte, der ein gradvis arbeider meir sjølvstendig, med god tilgang på råd og rettleiing undervegs. Leiinga for legegruppa arbeider saman med dei tillitsvalde og legekollegiet for å skape eit godt fag- og arbeidsmiljø basert på samhald, fag- og arbeidsglede og gjensidig respekt. Helse Bergen legg vekt på å skape sunne og trygge arbeidsplassar i sjukehuset og ved Nevrologisk avdeling legg vi til rette for dette.
For fast tilsetting gjeld følgande: Vi tilbyr spesialistutdanning som dekker heile utdanningsløpet i nevrologi. Det vises for øvrig til utdanningsplan. Etter fullført spesialisering, vil stillinga bli omgjort til stilling som legespesialist.
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.