Spørsmål om stillingen?
Kontaktperson:
Petter Schandl Sanaker
Avdelingssjef
55 97 50 45
petter.schandl.sanaker
@helse-bergen.no
Ansettelsesform: Vikariat
Denne artikkelen er mer enn to år gammel.
Nevroklinikken/ Nevrologisk avdeling, Helse Bergen
Nevrologisk avdeling ved Haukeland universitetssjukehus har ledig 4 vikariat for lege i spesialisering i Nevrologi. Oppstart frå 1. februar er ønskeleg, men annan dato kan avtalast. Vikariata har 12 mnd varigheit, og med gode høve til forlenging av vikariat og vidare spesialisering i Nevrologi. Cand.med. kan og søke og bli vurdert for tilsetting i påvente av LIS1-plass, dersom det ikke er andre kvalifiserte søkarar.
Nevrologisk avdeling driv akuttbehandling, kompleks utgreiing og rehabilitering av nevrologiske lidingar. Vi samarbeider med dei andre akuttavdelingane om pasientmottak i felles akuttmottak. Nevrologisk avdeling er del av Nevroklinikken som òg famnar om Nevrokirurgi og Klinisk nevrofysiologi, slik at heile spesialistutdanninga i Nevrologi kan gjera her. Avdelinga har 14-delt LIS-plan, og samla om lag 30 legeårsverk.
I avdelinga arbeider LIS i tverrfaglege team med overlegar, sjukepleiarar og personell frå fleire yrkesgrupper, som kvar dag gjer sitt beste for å gje pasientane god utgreiing og behandling. Det gode samarbeidet mellom dei ulike yrkesgruppene er avgjerande for resultatet og vi jobbar støtt med å forbetre arbeidsprosessane. Om du er interessert i forsking, er det gode høve for å kombinere klinisk spesialisering og forsking i tilpassa løp, då vi har nasjonalt leiande forskingsmiljø innanfor fleire nevrologiske fagfelt knytt til avdelinga.
Vi legger vekt på at LIS skal få utvikle klinisk kunnskap og erfaring på en trygg måte, der en gradvis arbeider mer sjølvstendig. LIS får tidleg erfaring med poliklinisk utgreiing og oppfølging, under tett tilsyn frå erfarne spesialistar. Leiinga for for legegruppa arbeider saman med de tillitsvalgte og legekollegiet for å skape eit trygt og sterkt fag- og arbeidsmiljø. Helse Bergen legger vekt på å skape sunne og trygge arbeidsplasser i sjukehuset og ved Nevrologisk avdeling legger vi til rette for dette.
Arbeidsoppgåver
Kvalifikasjonar
Personlege eigenskapar
Vi tilbyr
Webcruiter-ID: 4748063769
Mangfaldserklæring
Vi ønsker å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søke ledig stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det samme gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønsker å legge til rette for felles rekruttering.
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 14.000 tilsette som har som mål å gi beste mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandler vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktig oppgåver i sjukehuset.
Les meir på www.helse-bergen.no eller Facebook .
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkningen. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.