Leiar for Norsk senter for maritim medisin og dykkemedisin
Yrkesmedisinsk avdeling, Helse Bergen HF
Ansettelsesform: Fast
INFORMASJON
Tjeneste
Leiar
Arbeidsgiver
Helse Bergen HF
Sted
Bergen
Søknadsfrist
06.04.26
Bli med å utvikle verdas beste helsetilbod til sjøs!
Norsk senter for maritim- og dykkemedisin (NSMDM) søkjer ny leiar. Senteret er eit nasjonalt kompetansesenter med 15 tilsette, og har eit unikt mandat: å ivareta helsa til sjøfolk og dykkarar – i Noreg og internasjonalt. Senteret er ein seksjon i Yrkesmedisinsk avdeling.
NSMDM har fokus på arbeidsmedisin for sjøfolk og dykkarar. Det har sitt mandat frå Stortingsproposisjon 1, 2004-2005, og er eit nasjonalt senter som dekkjer alle helseregionar og representerer Noreg internasjonalt innan fagområdet.
I samsvar med dette mandatet, skal senteret
- Samle og formidla kunnskap om maritim medisin til reiarar, fartøy, styresmakter og andre brukarar
- Initiere og drive forsking
- Registrere førekomst av sjukdom og ulukker til sjøs
- Gje undervisingsstøtte
- Vere kontaktpunkt for internasjonalt samarbeid på feltet
- Drive Radio Medico Norway
Våre aktivitetar inkluderer:
- Undervisning og kursing av legar og medisinstudentar
- Seleksjonsmedisinske utgreiingar av sjøfolk og dykkarar
- Utvikling av medisinske læremiddel for sjøfolk
- Basalmedisinsk og registerbasert forsking
- Innovasjon (av teknologiske løsninger for sjøfolk)
- Saksutgreiing i Fagnemnd for helsesaker i Sjøfartsdirektoratet og klageinstansen for loser og losaspiranter i Kystverket
- Rådgjeving og saksutgreiingar til styresmaktertelemedisinsk/klinisk rådgjeving til fartøy og petroleumsinstallasjonar ("Radio Medico - legevakta til sjøs")
- Internasjonalt samarbeid
Vi samhandlar med Hovedredningssentralen, Sjøforsvaret, UiB, maritime arbeidstakerorganisasjoner og privat næringsliv for å løyse senteret sine ulike oppdrag. Vegleiing og tilsyn med sjømannslegar i samarbeid med Sjøfartsdirektoratet er ei viktig oppgåve.
Senteret er inne i ein stabil fase etter sterk vekst, og no treng vi ein leiar som vil forvalte og vidareutvikle det vi har bygd opp.
Kva vi ser etter
Vi ønskjer ein leiar som trivst i skjeringspunktet mellom fag, folk og forvaltning. Du er lege med klinisk erfaring og du meistrar helsebyråkratiet – møte, rapportar, styringslinjer og alt det inneber.
Viktigast av alt: du er god med menneska dine og får det beste ut av teamet ditt og skaper eit arbeidsmiljø folk trivst i.
Arbeidsoppgåver
- Leie og utvikle eit tverrfagleg team på 15 tilsette, med ansvar for dagleg drift, personal og arbeidsmiljø
- Strategisk og fagleg ansvar for senterets kjerneverksemd
- Representere senteret overfor nasjonale styresmakter, internasjonale organisasjonar (t.d. IMO, ILO) og samarbeidspartnarar i inn- og utland
- Sikre fagleg kvalitet og oppdatert kompetanse i tråd med nasjonale og internasjonale krav og retningsliner
- Bidra til og leie forskings- og utviklingsprosjekt innanfor maritim- og dykkemedisin
- Forvalte senterets budsjett og ressursar i samarbeid med Yrkesmedisinsk avdeling
- Medlem av leiargruppa i Yrkesmedisinsk avdeling og medansvar for utviklinga av avdelinga
- Utarbeide rapportar, høyringssvar og fagleg rettleiing til myndigheiter og eksterne Samarbeidspartnarar
- Vidareutvikle kurs- og utdanningstilbodet retta mot sjøfolk, dykkarar og helsepersonell
Kvalifikasjonar
- Solid forståing av helseforvaltninga, herunder lovverk, styringslinjer og nasjonale føringar
- Lege (cand.med.), gjerne med ph.d. eller tilsvarande forskingserfaring
- Leiarerfaring, fortrinnsvis frå helsesektoren
- Høg kompetanse og erfaring frå medisinsk seleksjon tel positivt
- Erfaring frå maritim sektor, t.d. som sjøfartslege og petroleumslege tel positivt, likeeins anna klinisk bakgrunn eller beredskapserfaring
- Sterk skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk og engelsk
- Evne til å representere senteret eksternt – nasjonalt og internasjonalt
Personlege eigenskapar
- Tydeleg og tillitsskapande leiar som motiverer og engasjerer medarbeidarar
- Strukturert og løysingsorientert, med evne til å handtere mange parallelle oppgåver
- God til å byggje og vedlikehalde relasjonar – internt i teamet og eksternt mot partnarar og styresmakter
- Sjølvstendig og initiativrik, men med god forståing for rolla si i ein større organisasjon
- Diplomatisk og kultursensitiv i internasjonalt samarbeid
- Roleg og trygg i rolla, også under press eller i krevjande situasjonar
Vi tilbyr
- Spennande arbeid og oppgåver i eit aktivt og innovativt tverrfagleg miljø
- Konkurransedyktig løn
- Deltaking i Radio Medicovakten kan diskuterast
- Eit godt arbeidsmiljø
- Sympatiske medarbeidarar som heiar på kvarandre
- Spørsmål? Ta kontakt for ein uforpliktande samtale.
Besøk nettsida vår for meir informasjon - www.nsmdm.no
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.