Spørsmål om stillingen?
Kontaktperson:
Espen Tyse Gubberud
Avdelingssjef
976 24 606
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, Kirurgisk klinikk, Avdeling for karkirurgi har ledig stilling som LIS.
Vi har ledig LIS-stilling i karkirurgi. Denne stillinga er eit vikariat frå 04.03. til 31.08.2024 med mogleg forlenging. Vikariatet kan telle som del av spesialistutdanninga.
Spennande moglegheit innan kirurgi, der vi tilbyr heile spekteret for Lis 2 (felles kirurgiske læremål) og Lis 3 (innan karkirurgi).
Arbeidet på Karkirurgisk avdeling for Lis inkluderer mellom anna (individuelt tilpassa kompetansenivå);
Karkirurgisk avdeling diagnostiserer og behandler dei fleste karkirurgiske tilstandar, som open og endovaskulær operasjon for aneurismer, carotiskirurgi, perifer karkirurgi og aksesskirurgi. Det er godt samarbeid med intervensjonsradiologisk miljø. Det er omfattande poliklinisk og dagkirurgisk aktivitet, med eiget sirkulasjonslaboratorium. Avdelinga er i ferd med å gjenoppbygge eit forskingsmiljø og har for tida ein PhD-kandidat og tre doktorgrader. Ein forventar deltaking i undervisning/introduksjon av medisinske studentar.
Det er 6 avdelinger i Kirurgisk klinikk:
For alle stillingar hos oss, gjeld følgande:
Søkarar utanfor Skandinavia må dokumentere norsk kunnskap, både skriftleg og munnleg. Vedkommande som får tilbod om tilsetting, må legge fram godkjend politiattest (vandel) jf. Lov om helsepersonell § 20a, før tilsettingsforholdet startar.
Ønsker ikkje kontakt med rekrutteringsbyrå eller annonseselgarar.
Søknadar utenom Webcruiter vil ikkje bli behandla.
Arbeidsoppgåver
Kvalifikasjonar
Personlege eigenskapar
Vi tilbyr
Webcruiter-ID: 4748050404
Mangfaldserklæring
Vi ønsker å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søke ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønsker å legge til rette for inkluderande rekruttering.
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset.
Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.