Spørsmål om stillingen?
Kontaktperson:
Petter Schandl Sanaker
Avdelingsjef
petter.schandl.sanaker@helse-bergen.no
Kontaktperson:
Carolin Sparchholz
YLF-tillitsvalgt
E-post:carolin.sparchholz@helse-bergen.no
Hei, vi utviklar Nevrologien på Haukeland – vil du vere med på laget?
Nevrologi er eit spennande, allsidig og travelt fag. Kunnskap om hjernehelse er aukande etterspurt i samfunnet. Vi løyser utfordringar saman på tvers av yrkesgrupper. Vi tar raske avgjerder der det trengs, og gjer djupdykk i pasienthistoriar og litteratur for å avklare komplekse tilstandar. Godt, tverrfagleg samarbeid er avgjerande for resultatet, og vi jobbar støtt med å finne betre måtar å løyse oppgåvene på. Nysgjerrig på faget vårt?
Som svar på aukande behov, har Helse Bergen frå 2025 satsa på forsterka nevrologisk forvakt. Vi har delte dag- og nattevakter.
Nevrologisk avdeling har glede av å lyse ledig 3 faste stillingar og 3 årsvikariat for lege i spesialisering (LIS 2/3) i Nevrologi. Oppstart for stillingane er 01.03.2026 eller etter avtale. Vi har ønske om tilsetting av 1 vikar allerede 01.11.25. Ta snarleg kontakt om det er aktuelt. Ved intern tilsetting i fast stilling, kan fleire vikariat bli ledig, og vikariat som LIS 2/3 kan som regel forlengast og føre fram til spesialisering. Fast stilling vil bli omgjort til stilling som legespesialist etter fullført spesialisering.
Nevrologisk avdeling er del av Nevroklinikken, som òg famnar om Nevrokirurgi og Klinisk nevrofysiologi, slik at heile spesialistutdanninga i Nevrologi kan gjerast her. Som LIS i avdelinga blir du involvert i forbetringsarbeidet i avdelinga, og om du får vekt interesse for spesifikke felt innanfor nevrologien, er det god anledning for fordjuping undervegs i spesialiseringa.
Om du er interessert i forsking, er det god anledning for å kombinere klinisk spesialisering og forskarutdanning inkludert PhD. Vi har nasjonalt leiande forskingsmiljø innanfor fleire nevrologiske fagfelt knytt til avdelinga, som til dømes
nevrodegenerative sjukdomar og MS
hjerneslag, nevroimmunologi,
Cand.med. som ventar på å gjennomføre LIS1 kan og søke og bli vurdert for vikariat hos oss dersom det ikkje er nok kvalifiserte søkarar. Som Cand.med. i LIS-vikariat får du grupperettleiing på utfordringar i rolla som nyutdanna lege, og du får tilpassa oppgåver i forhold til erfaring og kompetanse.
Vi vil at LIS skal få utvikle klinisk kunnskap og erfaring på ein trygg måte, der ein gradvis arbeider meir sjølvstendig, med god tilgang på råd og rettleiing undervegs. Leiinga for legegruppa arbeider saman med dei tillitsvalde og legekollegiet for å skape eit godt fag- og arbeidsmiljø basert på samhald, fag- og arbeidsglede og gjensidig respekt. Helse Bergen legg vekt på å skape sunne og trygge arbeidsplassar i sjukehuset og ved Nevrologisk avdeling legg vi til rette for dette. Vi legg til rette for fleksibilitet i arbeidskvardagen, til dømes fagleg fordjuping heime, der det er mogleg.
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.