
LIS2 i generell kirurgi evt. ALIS. Kirurgisk avdeling, Helse Førde
Ansettelsesform: Vikariat
Kirurgisk avdeling, Førde sentralsjukehus - ledig årsvikariat som LIS2 i generell kirurgi.
Vi har ledig eit 100% årsvikariat som LIS2 i generell kirurgi, med moglegheit for forlenging. Oppstart snarast mogleg eller etter nærare avtale.
Vi kan også tilby ei spanande læringsarena for fastlegar i spesialisering som treng sitt sjukehusår, med særleg fokus på innføring i akuttkirurgiske problemstillingar og småkirurgi.
Kirurgisk avdeling ved FSS er ei aktiv avdeling med spesialitetar innan:
- Urologi
- Gastroenterologisk kirurgi
- Akutt- og generell kirurgi
- Plastikkirurgi
- Bryst- og thyreoideakirurgi
- Noko karkirurgisk virksomhet.
Avdelinga har 7 stillingar for LIS2/3 stillingar, og inngår i ein 7-delt tilstadesvakt bak LIS1, med overlege i tertiærvakt.
Vi har eit godt og inkludrande arbeidsmiljø, med tett samarbeid mellom overlegar, LIS-legar og pleiepersonell. Avdelingssjef er næraste overordna.
Vil du vite meir om Helse Førde? Les meir her.
Arbeidsoppgåver
- Pasientretta arbeid på sengepostar, poliklinikk og operasjonsstove
- Bidra til progresjon og forventa utvikling i eige utdanningsforløp
- Bidra fagleg gjennom undervisning, rettleiing og teamarbeid
- Delta i arbeid med pasientsikkerheit, systematisk kvalitetsarbeid og kontinuerleg administrativt arbeid
- Delta i vaktordning
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som lege med interesse for kirurgi. Må ha gjennomført LIS1
- Må beherske norsk språk godt, både munnleg og skriftleg
- Evne til å arbeide i team
Personlege eigenskapar
- Vi søkjer ein kollega som har gode samarbeidsevner, er fleksibel, pliktoppfyllende og arbeidsom
- Kommuniserer og samarbeider godt med pasientar, pårørande og kollegaer
- Behandlar pasientar profesjonelt og empatisk, er imøtekommande og viser respekt
- Personleg eignaheit vil bli vektlagt.
Vi tilbyr
- Løn etter overeinskomst
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Sjukehuset hjelper til med å skaffe bustad
- Rettleiar under spesialistutdanninga
- Eit stimulerende arbeidsmiljø, sterkt fokus på praktisk opplæring og undervisning
- Fagleg og personleg utvikling
- Godt samarbeid med andre avdelingar og klinikkar
- Vi kan også tilby ei spanande læringsarena for fastlegar i spesialisering som treng sitt sjukehusår, med særleg fokus på innføring i akuttkirurgiske problemstillingar og småkirurgi.
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på over 3,6 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset.
Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Føretaksgruppa i Helse Vest skal spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.