Spørsmål om stillingen?
Kontaktperson:
Tone Høivik
Seksjonsoverlege Tittel
tone.gulli.hoivik@helse-bergen.no
Kontaktperson:
Marte Pauline Skagseth
Seksjonsleiar
marte.pauline.skagseth@helse-bergen.no
Ønsker du å arbeide i eit tverrfagleg miljø med spennande diagnoseuavhengige problemstillingar? Nå er det ledig 100% fast stilling for overlege i Smerte og palliasjonsavdelinga, for tida ved Seksjon for smertebehandling.
Seksjon for smertebehandling er ein seksjon i Smerte og palliasjonsavdelinga (SMEPA), i Kirurgisk serviceklinikk (KSK). SMEPA består av Seksjon for smertebehandling, Palliativt senter og Kompetansesenter i lindrande behandling, Helseregion Vest. Les meir om oss:
Smerte og palliasjonsavdelinga (SMEPA) - Helse Bergen HF.
Stillinga er for tida knytt til Seksjon for smertebehandling som består av poliklinikk for langvarige smerter og eit akuttsmerte team. Poliklinikken får tilvist omkring 900 – 1000 pasientar årleg. Vi arbeider hovudsakleg i tverrfaglege team beståande av lege, psykolog og fysioterapeut. Seksjonen vurderer pasientar, set i gang behandlingsløp og gir råd til primærhelsetenesta. Vi tilbyr i tillegg ulike typar gruppebehandling. Vi har jobbspesialist frå NAV knytt til avdelinga og har stort fokus på samhandling med primærhelsetenesta. Akuttsmerte teamet mottar tilvisingar frå heile sjukehuset og bidrar med råd og tilsyn til innlagde pasientar med samansette og kompliserte akutte smertetilstander. Det er fleire prosjekt i seksjonen, det er nasjonalt forskingssamarbeid under planlegging og vi arbeider kontinuerleg med å utvikle tilbodet vårt. Seksjonen har eit tett samarbeid med fagmiljøa både regionalt og nasjonalt. I SMEPA er det stor breidde i legegruppa sin kompetanse. I seksjon for smertebehandling er det tilsett anestesilegar og fysikalsk medisinarar. I palliativt senter er det tilsett kreftlegar, gynekologar, lungelege, infeksjonsmedisinar og anestesilegar, i alt 16 legar fordelt på 10 årsverk. No treng vi å styrke legebemanninga og vi håper du som er nysgjerrig på faget, engasjert i pasientar med samansette problemstillingar og liker å jobbe tverrfagleg i et triveleg miljø, vil være med å prege utviklinga av Norges eldste, tverrfaglege smerteklinikk. Avhengig av bakgrunn, kompetanse og erfaring vil det bli gitt nødvendig opplæring for stillinga.
Poliklinikk for langvarige smerter:
Akuttsmerteteamet:
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.