Spørsmål om stillingen?
Kontaktperson:
Nadya Selvik
Overlege
Kontaktperson:
Wenny Karin Bernes
Seksjonsleiar
Har du lyst til å vere med å bygge opp vårt psykosebehandlingstilbod? Vi har tilsett seksjonsoverlege, psykologspesialist og psykolog. Vi ønsker å supplere teamet vårt ytterlegare med to psykiatrar og psykologspesialist. Du vil i stor grad kunne vere med å utforme behandlingstilbodet, og påverke korleis vi yter tenestene til pasientgruppa.
Bjørgvin Distrikspsykiatriske senter (DPS) er ein del av Divisjon psykisk helsevern i Helse Bergen. Klinikken gir psykiatriske spesialisthelsetenester til innbyggjarane i kommunane Alver, Austrheim, Fedje, Gulen, Masfjorden, Modalen og Osterøy og i tillegg bydelane Arna og Åsane i Bergen kommune. Samla har klinikken eit opptaksområde med om lag 80 000 innbyggjarar over 18 år. Klinikken er lokalisert på Tertnes i Åsane og i Knarvik i Alver kommune. Døgntilbodet er lokalisert på Tertnes, medan polikliniske tenester blir gitt både i Knarvik og på Tertnes. Klinikken omfattar fagområda psykose og allmennpsykiatri.
Bjørgvin DPS søker etter to overlegar i 100% fast stilling til fagområdet psykose. Stillingene gir rom for alternativ tenking knytta til arbeidsplan. Dette inneber at ein kan arbeide intensivt i periodar for så å ha fri i periodar på inntil 14 dagar samanhengande. I friperiodane vil det vere noko ubunden arbeidstid som legen nyttar til førebuing. Legane styrer sjølve denne arbeidstida. Klinikken har ei kognitiv behandlingstilnærming.
Klinikken har for tida 11 legespesialistar og 20 psykologspesialistar. Vi ønsker å styrke spesialistkompetansen ytterlegare. Vi legg til rette for kompetanseheving og etterutdanning for spesialistar og vi har fokus på klinikknær forsking. Samarbeid med sjukehus, kommunar og brukarorganisasjonar er ein viktig del av jobben
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.