Seksjonsleiar lege. Avdeling for fødselshjelp og kvinnesjukdom. Helse Møre og Romsdal HF

Ansettelsesform: Fast

Publisert

INFORMASJON

Tjeneste

Seksjonsleiar lege

­

Arbeidsgiver

Helse Møre og Romsdal HF

­

Sted

Ålesund

­

Søknadsfrist

25.05.25

Er du den nye seksjonsleiaren vår for gynekologiske legar. Er du nytenkjande og løysingsorientert? 

Seksjonen for gynekologiske legar er ein seksjon i avdeling for kvinner, barmedisin og habillitering, og er organisert under klinikk Ålesund.Vi har no ledig fast seksjonsleiarstilling 40 %, i kombinasjon med klinisk stilling som lege frå snarast. Dersom søkjar har annan kompetanse, kan det vere aktuelt å sjå på anna stilling å kombinere.

Seksjonen har 11 overlegar og 9 LIS2/3 stillinger. Dei fleste spesialistane er subspesialiserte, det vil seie dei har eit område innan fagfeltet med høg spesialkompetanse. To overlegar og en LIS 2/3 har phD i faget. Seksjonen har og ei god rekrutering på LIS.

Kvinneklinikken held ope heile året.Vi set godt arbeidsmiljø, samarbeid og høgt fagleg nivå som viktige mål.

Arbeidsoppgåver

  • Som seksjonsleiar har du eit samla personal, budsjett og medisinskfagleg ansvar for seksjonen. Evt i samarbeid med medisinsk faglig ansvarlig ved annan kompetanse hos søkjar
  • Seksjonsleiar i avdelinga arbeider saman med avdelingssjef i høve til desse ansvarsområda 
  • Du skal sikre bemanning og drift etter gitte rammer
  • Du skal leggje til rette for god kvalitet og fagleg utvikling for pasientbehandlinga, også med fokus på standardisering
  • Du har ansvar for målretta rekruttering og utdanning i seksjonen, samt utvikling og motivisjon av medarbeidarane 
  • Seksjonsleiar må vise initiativ og innsats i forhold til vidare utvikling av heile avdelinga, klinikken og føretaket
  • Seksjonsleiar vi få hjelp til personaladministrasjon mm i RS og vil få nødvendig opplæring

Kvalifikasjonar

  • Autorisert lege er ønskjeleg, søkjar med annan helsefagleg kompetanse kan bli vurdert
  • Erfaring frå pasientretta arbeid
  • God norsk munnleg og skriftleg fremstillingsevne
  • Omstillingskunnskap og gjennomføringsevne
  • God kunnskap om vanlege IKT-verktøy 
  • Kjennskap til økonomioppfølging og personaloppfølging 
  • Leiarerfaring kan vere ein fordel, men personlege eigenskapar vil leggast vekt på

Personlege eigenskapar

  • Nytenkende og løsningsorientert
  • Engasjert og involverende, med evne til å motivere andre
  • Analytisk og strategisk
  • Opptatt av å bygge felles kultur
  • Ein synleg leiar med profesjonell haldning til leiing og utvikling
  • Evne og vilje til å utarbeide mål og oppnå resultat 
  • Heilskapstenkande, ansvarleg og med vilje til samarbeid på tvers av seksjonar, avdelingar og klinikkar 
  • Inspirere og motivere høgt kvalifiserte tilset 
  • Medverke til erfarings- og kunnskapsdeling
  • Personleg eignaheit vert vektlagt ved tilsetting

Vi tilbyr

  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
  • Ei spanande leiarstilling med høve til fagleg og personleg utvikling. 
  • Eit sterkt fagmiljø, med dyktige og engasjerte medarbeidarar som står framfor store utviklingsoppgåver
  • Leiarutvikling og leiarstøtte

Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, men har også sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Våre sjukehus finn du i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund, og i tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan rehabilitering, psykisk helsevern og rusbehandling. Nytt felles akuttsjukehus for Nordmøre og Romsdal er under bygging på Hjelset i Molde kommune, og skal stå klart for innflytting våren 2025. I Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan rehabilitering, psykisk helsevern og rusbehandling. Vi legg til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Uansett kva stilling du søkjer, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og di kompetanse på ein stad kor det verkeleg tel. Bli med på laget!

Vi ønsker leiarar som er synlege, ansvarlege og som forstår at teamarbeid er avgjerande for å lykkast med samfunnsoppdraget. Som leiar må du engasjere og lede ann i utviklinga av kultur og identitet i helseføretaket. Vi treng deg som kommuniserer godt, tar ansvar og beslutningar, og som har handlekraft til å drive fram konkrete forbetringar saman med teamet ditt. Vi gir deg opplæring på veien, tilgang på styringsinformasjon og tilbod om utvikling gjennom leiargruppa di - slik at du får utvikle deg som leiar i samsvar med dine eigne og helseføretaket sine forventingar. Tek du utfordringa?Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje

 

For meir informasjon om helseforetaket, sjå Helse Møre og Romsdal 

Powered by Labrador CMS