Spørsmål om stillingen?
Kontaktperson:
Tove Huse Bjerkevoll
Rådgivar innan leiarrekruttering
480 73 834
Ansettelsesform: Fast
Denne artikkelen er mer enn to år gammel.
Du er ein strategisk leiar med eit samlande og overordna leiarskap. Komplekse utfordringar motiverer deg og du evnar å kombinere innsikt i både menneske og analysar
Divisjon psykisk helsevern ved Haukeland universitetssjukehus, Helse Bergen HF har ansvar for spesialisthelsetenester innan psykisk helsevern. Det er ein velfungerande divisjon med dyktige leiarar og tilsette. Divisjonen har eit årsbudsjett på om lag 1,5 milliardar kroner og om lag 1.800 årsverk.
Våre pasientar får behandling ved lokale distriktspsykiatrisk senter (vaksne) eller ved lokale barne- og ungdomspsykiatrisk poliklinikkar. I tillegg finst eit sjukehustilbod for dei som har behov for særleg spesialiserte behandlingstilbod. Vi har eit framoverlent forskingsmiljø med forskingssentera i verdsklasse. Forskingsavdelinga har mål om å vere ein naturleg og integrert del av drifta i heile Divisjon psykisk helsevern. Les meir om Divisjon psykisk helsevern her.
Samhandling i sjukehuset, med samarbeidspartar nasjonalt, regionalt og lokalt er sentrale oppgåver i rolla som divisjonsdirektør. God dialog med kommunane, i helsefellesskapet og med dei private ideelle institusjonane er avgjerande for å gi gode, heilskaplege tenester.
Divisjon psykisk helsevern har lukkast godt i samspelet mellom fagutvikling og brukarbehov. Det er etablert gode møteplassar og arenaer for brukarmedverknad, og divisjonsdirektøren speler ei viktig rolle i samhandlinga.
Vi søker ein direktør med:
Divisjon psykisk helsevern er i ei spennande utvikling, og i ferd med å sluttføre planarbeidet for betre integrasjon mellom psykisk helsevern, somatikk og rus, ein framtidsretta DPS-struktur, betre differensierte tilbod i vaksenpsykiatrien og planar for Psykisk helsevern for barn og unge (PBU) som skal sikre betre overgangar og samarbeid.
Som divisjonsdirektør for Divisjon psykisk helsevern vil du rapportere til administrerande direktør og vere del av føretaksleiinga ved Haukeland universitetssjukehus. Leiinga i Helse Bergen vurderer å etablere PBU som eiga nivå 2 eining med eigen klinikkdirektør.
Arbeidsoppgåver
Kvalifikasjonar
Personlege eigenskapar
Vi tilbyr
Webcruiter-ID: 4774087051
Mangfaldserklæring
Vi ønsker å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søke ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønsker å legge til rette for inkluderande rekruttering.
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset.
Les meir på www.helse-bergen.no eller Facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.