Spørsmål om stillingen?
Kontaktperson:
Tove Huse Bjerkevoll
Rådgivar innan leiarrekruttering
480 73 834
Ansettelsesform: Fast
Denne artikkelen er mer enn to år gammel.
Voss sjukehus er del av Helse Bergen HF og har eit tett fagleg samarbeid med avdelingane ved Haukeland universitetssjukehus. Vi søkjer ein leiar til eit veldrive lokalsjukehus som del av universitetssjukehuset med fokus på kontinuerleg utvikling og forbetring. Du har god innsikt innan spesialisthelsetenesta, eit breitt samfunnsperspektiv, vektlegg tverrfagleg arbeid og brukarmedverking.
Dei tilsette er vår viktigaste ressurs.
Du vil leie og utvikle eit sjukehus med kompetente og sjølvstendige tilsette. Og i framtida må vi lukkast med å gje innbyggarane våre gode tenester med betre bruk av ressursane enn i dag. Du må evne å løfte blikket og tenke strategisk samtidig som operative mål handterast og dei tilsette trivst, med ønske om å forbetre sjukehuset for framtida.
Vi legg stor vekt på samarbeid med tenester og tilbod i kommunane. Dette arbeidet er du som direktør ved Voss sjukehus ein pådrivar i å vidareutvikle, i tråd med dei helsepolitiske føringane.
Om Voss sjukehus
Voss sjukehus har rundt 450 tilsette på 290 årsverk. Nokre avdelingar som til dømes radiologi, psykiatri og ambulanse er organisert under andre einingar i Helse Bergen og kjem i tillegg. Vi har eit årsbudsjett på om lag 380 millionar kroner. Les meir om Voss sjukehus og her kan du lese meir om korleis det er å bu på Voss.
Vi søker deg som vil vidareutvikle det gode arbeidet ved Voss sjukehus
Voss sjukehus er eit lokalsjukehus og har akuttberedskap innan indremedisin, kirurgi, føde, gynekologi og ortopedi. Opptaksområdet er på om lag 30.000 innbyggjarar, fordelt på seks kommunar samt pasientar frå Bergen og kommunar i Sogn og Hardanger. Samstundes har Voss sjukehus tett fagleg samarbeid med avdelingane ved Haukeland universitetssjukehus.
Som direktør for Voss sjukehus vil du rapportere til administrerande direktør i Helse Bergen og vere ein del av føretaksleiinga ved Haukeland universitetssjukehus.
Arbeidsoppgåver
Kvalifikasjonar
Personlege eigenskapar
Vi tilbyr
Webcruiter-ID: 4773880871
Mangfaldserklæring
Vi ønsker å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søke ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønsker å legge til rette for inkluderande rekruttering.
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset.
Les meir på www.helse-bergen.no eller Facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.