Spørsmål om stillingen?
Kontaktperson:
Petter Schandl Sanaker
Avdelingsjef
petter.schandl.sanaker@helse-bergen.no
Kontaktperson:
Carolin Sparchholz
Tillitsvald LIS
carolin.sparchholz@helse-bergen.no
Nevrologisk avdeling ved Haukeland universitetssjukehus har ledig 2 faste stillingar og 4 vikariat for lege i spesialisering (LIS 2/3) i Nevrologi. Ved intern tilsetting i fast stilling, kan fleire vikariat bli ledig.
Oppstart for stillingane er 01.03.2025 eller etter avtale. Vi har og vikarbehov allerede frå 1.11.24 og framover, om det er disponible søkarar.
Vikariata har 12 mnd varigheit, og med gode høve til forlenging av vikariat og vidare spesialisering i Nevrologi. For vikariat kan Cand.med. som ventar på å gjennomføre LIS1 òg søke og vil bli vurdert dersom det ikkje er andre kvalifiserte søkarar. Nevrologisk avdeling er del av Nevroklinikken, som òg famnar om Nevrokirurgi og Klinisk nevrofysiologi, slik at heile spesialistutdanninga i Nevrologi kan gjerast her. Avdelinga har 14-delt LIS-plan, og samla om lag 30 legeårsverk.
Nevrologisk avdeling driv akuttbehandling, utgreiing og rehabilitering av nevrologiske sjukdommar. Vi samarbeider med dei andre akuttavdelingane om pasientmottak i felles akuttmottak, og frå våren 2024 vart nevrologisk vaktteam forsterka med ekstra studentvakt på ettermiddag/kveld .
I avdelinga arbeider LIS i tverrfaglege team med overlegar, sjukepleiarar og personell frå fleire yrkesgrupper, som kvar dag gjer sitt beste for å gje pasientane god utgreiing og behandling. Det gode samarbeidet mellom dei ulike yrkesgruppene er avgjerande for resultatet og vi jobbar støtt med å forbetre arbeidsprosessane. Om du er interessert i forsking, er det gode høve for å kombinere klinisk spesialisering og forsking i tilpassa løp, då vi har nasjonalt leiande forskingsmiljø innanfor fleire nevrologiske fagfelt knytt til avdelinga.
Vi legg vekt på at LIS skal få utvikle klinisk kunnskap og erfaring på ein trygg måte, der ein gradvis arbeider meir sjølvstendig. LIS får tidleg erfaring med poliklinisk arbeid, under tett supervisjon frå erfarne spesialistar. Leiinga for for legegruppa arbeider saman med de tillitsvalgte og legekollegiet for å skape eit trygt og sterkt fag- og arbeidsmiljø. Helse Bergen legg vekt på å skape sunne og trygge arbeidsplassar i sjukehuset og ved Nevrologisk avdeling legg vi til rette for dette.
For fast tilsetting gjeld følgande: Etter fullført spesialisering, vil stillinga bli omgjort til stilling som legespesialist.
Arbeidsoppgåver
Kvalifikasjonar
Personlege eigenskapar
Vi tilbyr
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp vitnemål og karakterutskrifter.
Ved å bruke Vitnemålsportalen sikrar du at dokumenta dine er verifiserte og oppdaterte. Du finn meir informasjon om korleis du brukar Vitnemålsportalen på www.vitnemålsportalen.no. Har du har tatt utdanning i utlandet, må du legge ved godkjenning frå UDIR/Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HR-dir) i søknaden. Om du ikkje finn alle dine relevante vitnemål i Vitnemålsportalen, kan du laste dei opp som eigne vedlegg til søknaden.
--------
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet.
Webcruiter-ID: 4870017217